7. - 9. juni - Merksamt naturnærvær og aktiv kroppslytting


Korleis er vi ein del av naturen, og naturen ein del av oss?
Korleis kan naturen utvide vår merksemd  og vårt nærvær i verda?

 

På dette helgekurset vil vi utforske vår evne til merksamt naturnærvær gjennom ulike øvingar, meditasjonar og samtalar, både i og med natur. Merksamt naturnærvær er meir enn mindfulness i naturen. Det er ei utvida forståing av korleis kropp og sjel speglas i det Thich Nhat Hahn kalla interbeing, der den indre og ytre natur er i samhørigheit, slik pusten vår vert knytt til livspusten i naturen og den skapande livskrafta i oss vert knytt til den skapande livskrafta i naturen. Vi vil bli kjende med korleis merksamt naturnærvær vert knytt til Arne Næss sine livsfilosofiske tankar og ei djupøkologisk tilnærming som søkjer å attfortrylle naturen som Sjølvet.

Vi vil eksperimentere med korleis  naturen er vår forlenga kropp. Det er samsvar mellom det økologiske Sjølvet hos Næss og det «utvidete kjødet» hos Merleau Ponty. Ved å lytte til kroppen, lyttar vi til naturen. «Aktiv kroppslytting» er ei tilnærming utvikla av Siw Laurent, som byggjer på eldgamle praksisar hos urfolk om tilknyttinga til livskrafta gjennom kroppsmedvit, blant anna  til sjamanistiske tradisjonar som trommereiser, noko vi vil få ta del i på kurset.

Vi vil ha eit sterkt fokus på den kroppslege tilknyttinga til naturen gjennom rørsler, rytme og sansane, og gjennom maten vi eter. I den samanheng vil vi bruke hagen på Jonatunet  som sansehage og som heilagt rom til å praktisere merksamt naturnærvær. Vi vil også søkje djupare inn i Hardangernaturen med ei overnatting under open himmel, med mat og samtalar rundt bålet.

Seminaret er ved Per Ingvar Haukeland og Siw Laurent Myrvold